Sider

lørdag 26. mars 2011

God helg!

Er berre innom for å ønska alle ei god helg!
Idag har eg og Nikolai vore på lang tur med mamma/ bestemor!
Fantastisk vår vêr!

Nikolai og bestemor i stranda.



Nyt helga alle saman <3

- Lene -

torsdag 24. mars 2011

Pakke i posten!

Alltid lika kjekt å få pakke i posten!
Ettersom Nikolai har klart å knusa dei fleste øyenskyggane mine kom denne godt med..
Mary Kay sine øyenskyggar er gode å påføra og held lenge på.



Fargen heiter Crystalline.



Slik vart resultatet! Syns den passar godt til både dagleg og fest bruk.
Kjekk fordi den kan kombinerast med alle fargar :-)

Ta ein kikk på http://www.marykaynorway.no/ , mange flotte fargar å velga mellom!

- Lene -




Dette fine hjerte fekk eg av mamma då Nikolai kom til verda!
Det er kjøpt på http://epla.no/ , ei side som selg flotte handlaga ting. 




Nok ein fin morgon!

Etter eit par dagar med soving til longt på dag ( halv 10 ), var det på tide å stå opp tidleg igjen.  Blir jo så sløv av å ligga for lenge i senga!
Så idag var me oppe kl 7! Faktisk veldig godt..

Morgonen vår har til no har bla. bestått av:

Frukost og ein herleg kopp kaffi i super mor koppen min! (også fra frk. Lande!)


Nikolai drikk vatn frå tupperware koppen. Dette er faktisk den einaste koppen han likar å drikke frå.
Så dersom du slit med å få barnet ditt til å drikka av tuttekopp så anbefal eg at du prøvar denne!



Litt bil "mekking" er viktig ;-)


Idag skal eg prøva å få unna den kjekke helgevasken ...
Det vert vel også ein trilletur og to i løpet av dagen. Alltid godt å komma seg ut på tur!

Ska du gjera noko kjekt idag?

- Lene -
Ønske alle ein flott dag!

lørdag 19. mars 2011

Vårstemning!

Ingenting er som å vakna til fuglekvittring, sol og blå himmel ! 
Det er nesten umulig å vera i dårleg humør på slike dagar.
Me har nytt dagen med å vera mykje ute! Ein fantastisk dag som har gitt mykje ekstra energi og fregner på naso!



Nikolai syns det var stor stas å få leika på leikeplassen!


Håpar du også har hatt ein flott vårdag!

- Lene -



fredag 18. mars 2011

Fin fredag!

Fredag og søndag er favoritt dagane mine!
Fredag fordi då er det endeleg helg..Vell, eg har helgefølelse nesten kvar dag no når eg går heime. Men forskjellen er at min gode sambuar endelg har fri og me kan kosa oss ilag alle 3!
Søndag fordi den som regel består av familie middagar og mykje avslapping. Deilig dag!

Denne fredagen har bestått av trilletur, helge handel, besøk til mi kjære farmor, litt helgevask (berre litt..) og ellers avslapping og kos med vår gode prins! Han har no lert seg sitt fyrste ord; LYS! Me er sjølvsagt kjempe stolte og rosar han opp i skyene. Så no seier han lys (dys) og ser opp i taket heile dagen! Skjønnasen vår!

No nyt eg kvelden med ein god armkrok, masse stearinlys, heimelaga pizza og ei skål chips <3



Ha ein flott kveld alle saman!

-Lene-

torsdag 17. mars 2011

Kvelden lister seg på tå.

Kvelden lister seg på tå
over kløverengen.
Himlen har tatt stjerner på.
Alle barn skal sove no,
sove søtt i sengen.

Melk og brød fra krus og fat
er så gode venner.
Med en liten trett krabat
som skal spise aftensmat
med små melketenner.

Og to røde lette sko
setter vi på matten.
Er så slitene begge to.
Men nå skal de stå i ro
hele hele natten.

Natten kommer svart og stor.
Alle ting blir borte.
Seil i mørket lille jord,
med en liten gutt ombord,
i sin lille skjorte.
(Inger Hagerup)


No tek eg kveld etter ein flott men lite effektiv dag!
 Hadde ei heil liste med ting eg skulle få gjort før helga, men ting går ikkje alltid som planlagt...
Prøvar på nytt imåro ;-)

Ønske alle ei god natt med gode drømmar!

- Lene -