Sider

onsdag 6. april 2011

Verdens beste sjokoladekaka!

På mandag feira me bursdagen til verdas beste mann og pappa!
Då måtte eg sjølvsagt lage sjokoladekake! Eg prøvde ei ny oppskrift som no har blitt favoritten her i huset!
Kaka vart laga på søndags morgon og er fortsatt like saftig idag :-)
  • 4 egg 
  • 500 g sukker
  • 500 g mjøl
  • 2 ts salt
  • 1 ts bakepulver
  • 4 ts vaniljesukker
  • 2 ts natron
  • 7 dl kefir
  • 2-3 dl oboy
  • 350 g smelta smør
Pisk eg og sukker til eggedosis. Ha i kefir og smør. Bland dei andre ingrediensane i mjølet og sikt det inn i røra.
Smør kakeforma ( eg brukar ei lita langpanne; 37x25x4,5 cm) og hell i røra. Steikes på midterste rille i 35-40 min ved 170 grader.

Glasur:
  • 150g smør
  • 1 plate lys kokesjokolade
  • 7 dl melis
  • 4 ts vaniljesukker
  • 1 dl kaffi
Smelt smør og sjokoladen. Ha i dei andre ingrediensane, kaffien til slutt. Rør godt!



Enjoy!

fredag 1. april 2011

1 april!


Jeg velger meg april
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,-
...
I DEN BLIR SOMREN TIL!
B. Bjørnson



Idag er det fyrste april! Har du blitt lurt eller har du lurt nokon idag? ;-)

"You couldn't fool your mother on the foolingest day of your life, even if you had an electrified foolingmachine!"
- Homer Simpson

Ha ein flott dag alle saman!

lørdag 26. mars 2011

God helg!

Er berre innom for å ønska alle ei god helg!
Idag har eg og Nikolai vore på lang tur med mamma/ bestemor!
Fantastisk vår vêr!

Nikolai og bestemor i stranda.



Nyt helga alle saman <3

- Lene -

torsdag 24. mars 2011

Pakke i posten!

Alltid lika kjekt å få pakke i posten!
Ettersom Nikolai har klart å knusa dei fleste øyenskyggane mine kom denne godt med..
Mary Kay sine øyenskyggar er gode å påføra og held lenge på.



Fargen heiter Crystalline.



Slik vart resultatet! Syns den passar godt til både dagleg og fest bruk.
Kjekk fordi den kan kombinerast med alle fargar :-)

Ta ein kikk på http://www.marykaynorway.no/ , mange flotte fargar å velga mellom!

- Lene -




Dette fine hjerte fekk eg av mamma då Nikolai kom til verda!
Det er kjøpt på http://epla.no/ , ei side som selg flotte handlaga ting. 




Nok ein fin morgon!

Etter eit par dagar med soving til longt på dag ( halv 10 ), var det på tide å stå opp tidleg igjen.  Blir jo så sløv av å ligga for lenge i senga!
Så idag var me oppe kl 7! Faktisk veldig godt..

Morgonen vår har til no har bla. bestått av:

Frukost og ein herleg kopp kaffi i super mor koppen min! (også fra frk. Lande!)


Nikolai drikk vatn frå tupperware koppen. Dette er faktisk den einaste koppen han likar å drikke frå.
Så dersom du slit med å få barnet ditt til å drikka av tuttekopp så anbefal eg at du prøvar denne!



Litt bil "mekking" er viktig ;-)


Idag skal eg prøva å få unna den kjekke helgevasken ...
Det vert vel også ein trilletur og to i løpet av dagen. Alltid godt å komma seg ut på tur!

Ska du gjera noko kjekt idag?

- Lene -
Ønske alle ein flott dag!

lørdag 19. mars 2011

Vårstemning!

Ingenting er som å vakna til fuglekvittring, sol og blå himmel ! 
Det er nesten umulig å vera i dårleg humør på slike dagar.
Me har nytt dagen med å vera mykje ute! Ein fantastisk dag som har gitt mykje ekstra energi og fregner på naso!



Nikolai syns det var stor stas å få leika på leikeplassen!


Håpar du også har hatt ein flott vårdag!

- Lene -