Sider

onsdag 6. april 2011

Verdens beste sjokoladekaka!

På mandag feira me bursdagen til verdas beste mann og pappa!
Då måtte eg sjølvsagt lage sjokoladekake! Eg prøvde ei ny oppskrift som no har blitt favoritten her i huset!
Kaka vart laga på søndags morgon og er fortsatt like saftig idag :-)
  • 4 egg 
  • 500 g sukker
  • 500 g mjøl
  • 2 ts salt
  • 1 ts bakepulver
  • 4 ts vaniljesukker
  • 2 ts natron
  • 7 dl kefir
  • 2-3 dl oboy
  • 350 g smelta smør
Pisk eg og sukker til eggedosis. Ha i kefir og smør. Bland dei andre ingrediensane i mjølet og sikt det inn i røra.
Smør kakeforma ( eg brukar ei lita langpanne; 37x25x4,5 cm) og hell i røra. Steikes på midterste rille i 35-40 min ved 170 grader.

Glasur:
  • 150g smør
  • 1 plate lys kokesjokolade
  • 7 dl melis
  • 4 ts vaniljesukker
  • 1 dl kaffi
Smelt smør og sjokoladen. Ha i dei andre ingrediensane, kaffien til slutt. Rør godt!



Enjoy!

fredag 1. april 2011

1 april!


Jeg velger meg april
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,-
...
I DEN BLIR SOMREN TIL!
B. Bjørnson



Idag er det fyrste april! Har du blitt lurt eller har du lurt nokon idag? ;-)

"You couldn't fool your mother on the foolingest day of your life, even if you had an electrified foolingmachine!"
- Homer Simpson

Ha ein flott dag alle saman!